Det norske støtter Det norske Teatret

Artikkelen er fra nyhetsarkivet til Det norske.

12. november 2009

Det norske inngår ei samarbeidsavtale med Det Norske Teatret frå 2010 til 2013. Det gjer Det norske til ein betydeleg kultursponsor.

Det Norske Teatret er stolt over å vere attraktiv på sponsormarknaden i ei tid med store økonomiske svingningar. Denne veka signerer teatret ein treårig samarbeidsavtale med Det norske og knyt dermed til seg nok ein samarbeidspartnar.-Det norske har satsa betydelig  på kultursponsing for å vere eit relativt lite selskap, seier kommunikasjonssjef Torgeir Anda.

Vi vel samarbeidspartnarar ut frå kvalitet,  og vi vil ha langsiktigheit i avtalane.  Det Norske Teatret skal vere ett av fundamenta for kulturbyggjing i selskapet. Vi ønskjer sponsorat som våre tilsette kan bruke aktivt, og med denne avtalen meiner vi at dette blir sikra. Vi forvalter verdiar for samfunnet og vil gi noko tilbake gjennom sponsing, seier Torgeir Anda.

– Det norske er eit nyskapande, uavhengig oljeselskap i vekst, eit offensivt selskap som skil seg ut frå dei mange aktørane i oljeindustrien. På same vis som Det Norske Teatret er dei ambisiøse, offensive og kvalitetsbevisste. Vi ønskjer saman å stadfeste våre posisjonar som store og viktige aktørar på fagfelta våre, seier direktør Astrid Driva Rødsand ved Det Norske Teatret.  – Vi vil utveksle erfaringar og lære av kvarandre. Ein dristig og kreativ aktør på sitt felt vil heilt klart ha verdi som sparringspartnar for oss, avsluttar ho.

Dette er Det norske (`DETNOR`) før fusjon med Aker Exploration:
Det norske er det nest største selskapet på norsk sokkel som operatør for 28 lisenser, og med deltakelse i totalt 52 lisenser. Det norske er operatør for Frøyutbyggingen og vil i 2009 operere ni letebrønner i Nordsjøen og Norskehavet. Selskapet har sin virksomhet kun på norsk sokkel.

Det norske har i dag 146 ansatte, og veksten fortsetter. Selskapets forretningskontor er i Trondheim. Hovedkontorfunksjoner er delt mellom Oslo og Trondheim. Selskapet har også kontorer i Harstad og Stavanger.