Det norske vil byggje ut Ivar Aasen

Artikkelen er fra nyhetsarkivet til Det norske.

21. desember 2012

22. desember 2012 overleverte Det norske oljeselskap ASA plan for utbygging og drift (PUD) av Ivar Aasen-feltet til statsråd Ola Borten Moe i hovudkontoret til Det norske i Trondheim. Planen blir overrekt på vegne av partnarane i Ivar Aasen-feltet, som i tillegg til operatøren Det norske er Statoil og Bayerngas.

IvarAAsen_overleveringAdministrerande direktør Erik Haugane ser fram til at Det norske no skal i gang med si andre utbygging som operatør.

– Ivar Aasen-feltet er ei stor utbygging som representerer store verdiar for det norske samfunnet og for rettshavarane. Vi ser fram til å gå laus på oppgåva med det ansvaret det er å vere operatør. Dette er den største utbygginga eit norsk selskap utanom Statoil gjer på svært lang tid. Ivar Aasen-feltet er ei stort steg for Det norske som selskap, og viktig for mangfaldet på norsk sokkel.

 Den økonomiske levetida for Ivar Asen-feltet kan bli 20 år, alt etter oljepris og produksjonsutvikling. Den samla investeringa i prosjektet er førebels rekna til 24,7 milliardar NOK. Med oljeprisen i dag kan bruttoinntekta i den økonomiske levetida for feltet bli om lag 100 milliardar NOK.

Blir drive frå Trondheim.

Ivar Aasen-feltet blir utvikla og drive frå Trondheim. Det norske vil utnytte moderne teknologi for å drive feltet så effektivt som mogleg og med låg bemanning på plattforma Operasjonar og drift vil bli styrte frå eit operasjonssenter i Trondheim. Utbygginga av feltet vil krevje om lag 2000 årsverk. Aasen-utbygginga omfattar utvinning av ressursane som ligg i lisensane PL 001B, PL028B og PL242. Rettshavarane i PL 001B, PL 028B og PL 242 er: Statoil Petroleum AS 50 prosent, Det norske oljeselskap ASA 35 prosent og Bayerngas Norge AS 15 prosent.

Les meir om Ivar Aasen-utbyggjinga her.